Hopp til innhold

Bunaden, korleis er stoda i Noreg?

11.08.2025 kl. 14:30 - 15:30

Frivillighetsteltet (Jaktekaia)

Den 5. desember 2024 vart «Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis» innskriven på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Denne innskrivinga fekk vi på grunn av vår breie og folkelege bruk, handverket som ligg bak og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet.
Det er utarbeidd ein rapport av Mette Vårdal om stoda for bunaden i Noreg. Der er sett på kven som produserer bunadar i Noreg, kva dei produserer, og korleis kunnskapsnivået er på fagfeltet.
Rappporten er basert på ei Norstadsundersøking Norsk Institutt for bunad og folkedrakt har gjort, og i samarbeid med registrerte og kjende kjelder på fagfeltet.
Arrangementet vil vera ein presentasjon av denne rapporten og ein samtale med dei involverte og inviterte politikarar.
Kontaktperson
Studieforbundet kultur og tradisjon
Telefon
+4741809366
E-post
torunn@kulturogtradisjon.no
Arrangør(er):
STUDIEFORBUNDET KULTUR OG TRADISJON, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkedraktforum

Medvirkende:

  • Kjærsti Gamgsø Studieforbundet kultur og tradisjon
    Dagleg leiar
  • Mette Vårdal Kultivator
    Historikar
  • Camilla Rossing Norsk institutt for bunad og folkedrakt
    Leiar
  • Magni Hjertenes Flyumi Noregs Ungdomslag
    Generalsekretær
  • Hanne Yndestad Norsk folkedraktforum
    leiar
  • Ellen Krageberg Norges Husflidslag
    Generalsekretær
Type arrangement:
Samtale
Tema:
Forskning, Kultur