Hopp til innhold

Førebygging? Ja, takk! Så lenge eg slepp rekninga!

13.08.2025 kl. 10:30 - 11:30

Steenhuset Vinbar (Teaterplassen 1)

I eit Noreg kor helsekøane blir lengre og ressursane færre, snakkar alle varmt om helseførebyggande arbeid. Men når det kjem til kven som faktisk skal gjere jobben – og betale for han – blir det plutseleg stille.

Idretten blir ofte løfta fram som ein sentral folkehelseaktør som bidreg til god livskvalitet, helse og fellesskap for den enkelte. Men trass i at idretten kvar dag gjer jobben på grasrota, finst det knapt strukturert samarbeid med helsevesenet. Kvifor?

Kan betre samhandling mellom helse og idrett vere det som får fart på førebygginga vi snakkar så mykje om, men investerer så lite i? Kva står i vegen? Kven har viljen? Og kven tør ta ansvaret – og reikninga?

Under denne debatten utfordrar vi sentrale skikkelsar innanfor helse- og idrettspolitikken for å diskutere førebygging, folkehelse og samhandling.
Kontaktperson
Malene Joensen (Dagleg leiar)
Telefon
91626364
E-post
malene.joensen@idrettsklyngevest.no
Arrangør(er):
Idrettsklynge Vest
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Helse, Idrett/fritid