Hopp til innhold

Har Noreg råd til å ikkje satse på eiga framtid?

12.08.2025 kl. 16:00 - 16:40

Sustainable Energy-båten (Pollen)

Noreg står midt i ei nødvendig og omfattande omstilling. Vi skal både kutte utslepp, skape ny industri og bevare velferda. Men vegen frå forsking og utvikling til arbeidsplassar og eksport går ikkje av seg sjølv.

Korleis finansierer vi grøne løysingar – i eit landskap prega av geopolitisk uro, høgare renter og skjerpa konkurranse frå EU og USA?

Altfor mange lovande teknologiar blir ståande i "dødens dal" – utan tilgang på risikovillig kapital, skaleringsarenaer eller langsiktig verkemiddelstøtte. I denne samtalen spør vi:
– Korleis mobiliserer vi privat og offentleg kapital for å realisere innovasjonar med klimaverdi?
– Korleis kan verkemiddelapparatet og investormiljø spela kvarandre gode?
– Kva rolle speler strukturar som katapultar, testsenter og offentlege innkjøp i utviklinga av ny industri?
– Og korleis sikrar vi at investeringar i grøne løysingar også gir avkastning for samfunnet?

Me samlar politikarar, investorar og næringsaktørar til ein diskusjon.
Kontaktperson
Linn Therese Erve (Direktør forretningsutvikling og samfunnskontakt)
Telefon
+4748248803
E-post
linn@sustainableenergy.no
Arrangør(er):
SUSTAINABLE ENERGY AS

Ordstyrer:

  • Linn Therese Erve Sustainable Energy AS
    Direktør forretningsutvikling og samfunnskontakt
Type arrangement:
Samtale
Tema:
Energi, Økonomi