Hopp til innhold

Kan vi forvente at leiarar skal vera ekspertar på sjukefråvær?

12.08.2025 kl. 12:00 - 13:00

Arendal bibliotek (Torvet 6)

«Snakk med leiar før lege.» Denne «trylleformelen» skal førebygge sjukefråvær. Som leiar skal du møte folk med tryggleik, openheit og tillit, forstå kvifor tilsette er borte frå jobb, tilpasse arbeidskvardagen, skaffe vikarar og halde hjula i gang. Det er ikkje rart mange spør seg: Kan vi forvente at du – på toppen av alt dette – også skal vera ein ekspert på sjukefråvær?

Og kva med medarbeidarane dine – tør dei faktisk å ta ein prat med deg før dei ringer fastlegen? Ei fersk undersøking Akademikerne Pluss har gjort blant høgt utdanna tilsette viser eit stort behov for støtte i krevjande livs- og jobbsituasjonar. Det er god grunn til å tru at dette gjeld fleire. Så spørsmålet er: Er du rusta til å gje den støtta dei treng?

I år droppar vi den tradisjonelle paneldebatten. I staden får du møte eit tverrfagleg ekspertpanel frå AiR og administrerande direktør i Akademikerne Pluss – fagfolk som kjenner tilsette sine behov og veit kva som verkar. Bruk dei til å stille spørsmål om korleis du som leiar kan førebygge sjukefråvær!

Dei tverrfaglege teama på AiR har over 40 års erfaring med å avdekke årsakene bak sjukefråvær, og med å finne ut kva som skal til for at kvar enkelt tilsett skal kunne stå i jobb.

Vi veit at kvardagen som leiar er travel. Difor gjev vi deg det du treng – på éin time. Kom og få innsikt, svar på det du lurar på – og konkrete tips du kan ta med deg rett tilbake til eigen arbeidsplass.
Kontaktperson
Guro Lien
Telefon
+47 477 86 061
E-post
guro-lien@air.no
Arrangør(er):
REHABILITERINGSSENTERET AIR AS

Ordstyrer:

  • Tarjei Helle Rehabiliteringssenteret AiR
    Direktør

Medvirkende:

  • Einar Espolin Johnson Akademikerne Pluss
    Administrerande direktør
  • Elisabeth Swensen Rehabiliteringssenteret AiR
    Overlege
  • Hilde Rinden Rehabiliteringssenteret AiR
    Fagleg rådgjevar arbeid
  • Sara Chopra Rehabiliteringssenteret AiR
    Fysioterapeut
  • Guri Sogn-Larssen Rehabiliteringssenteret AiR
    Klinikkleiar AiR Oslo
Type arrangement:
Samtale
Tema:
Arbeidsliv, Helse