Hopp til innhold

Nok NOK? 150 år med norsk krone – er tida inne for euro?

12.08.2025 kl. 15:00 - 15:45

SpareBank 1 Sør-Norge (Torvet 10)

I 2025 fyller krone og øre 150 år som norsk pengeeining – utan den store feiringa. Ei årrekke med svekt kurs har i staden gitt styrkt interesse for moglege alternativ.

I 1875 slutta Noreg seg til den skandinaviske myntunionen, tufta på ein gullstandard. Fram til fyrste verdskrigen var det felles pengestellet i Skandinavia ei suksesshistorie. I dag har Danmark, Sverige og Noreg kvar si krone – og nokså forskjellig pengepolitikk. Svenske og norske kroner flyt fritt, medan den danske er bunden til euro. Samstundes pliktar Sverige eigentleg å innføra euro, medan Danmark har folkerettsleg unnatak frå denne plikta.

Fyrst og fremst er euroen sjølve juvelen i EU-krona: både verdshistorie og den einaste valutaen som internasjonalt hevdar seg ved sida av amerikanske dollar.

Difor spør vi: Er Noreg best tent med norske kroner i nye 150 år, eller bør vi igjen gå inn i ein myntunion? Og då innføra euro, alternativt – i det minste - gjera som danskane og binda oss til euroen?
Kontaktperson
Morten Søberg (Direktør for samfunnskontakt)
Telefon
+4797584836
E-post
morten.soberg@sparebank1.no
Arrangør(er):
SpareBank 1

Ordstyrer:

  • Morten Søberg SpareBank 1
    Direktør for samfunnskontakt

Medvirkende:

  • Øystein Olsen
    Sentralbanksjef har vore
  • Lars Fredrik Øksendal Universitetet i Innlandet
    Professor
  • Kyrre M. Knudsen SpareBank 1 Sør-Norge
    Sjeføkonom
  • Eigil Knutsen Stortinget
    Stortingsrepresentant
Type arrangement:
Samtale
Tema:
Demokrati, Økonomi