Hopp til innhold

Noreg 2050

11.08.2025 kl. 11:30 - 13:30

Kulturkammeret (Nedre Tyholmsvei 6)

Korleis ser den norske språksituasjonen ut i 2050? Kva er dei viktigaste sakene for å sikre norsk språk dei neste 25 åra?

Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad under Arendalsuka, der språket i akademia, norsk språk på nett og stoda for norsk språk fram mot 2050 skal drøftast på fleire måtar.

Arrangementet har tre delar til følgande tidspunkt:

Kl. 11.30: Norsk fagspråk 2050
Kor godt tek vi vare på norsk fagspråk i dag og korleis vil skiftande regjeringar påverke situasjonen? Kva er det viktigaste vi kan gjere for å utvikle norsk fagspråk fram mot 2050?

Kl 12.00: Pause

Kl. 12.15: Kampen mot Silicon Valley
Korleis påverkar teknologigigantane språket vårt og kva kan vi gjere med det? Kven skal ta ansvar for norsk språk i den digitale sfæra og kva tenkjer vi no om KI og store språkmodellar?

Kl. 12.45: Pause

Kl. 13.00 Noreg 2050 – ei oppsummering
Vil nynorsk vere eit sterkt språk i 2050? Kva for politiske parti kan nynorsken sjå til for å styrke og oppretthalde statusen for språket dei neste 25 åra?
Kontaktperson
Olav Øyehaug Opsvik (sekretær)
Telefon
97130153
E-post
olav.opsvik@nynorsk.no
Arrangør(er):
Nynorsk forum, Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag

Ordstyrer:

  • Olav Øyehaug Opsvik Nynorsk forum
    sekretær

Medvirkende:

  • Peder Lofnes Hauge Noregs Mållag
    leiar
  • Marianne Wilhelmsen (Ap) Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
    statssekretær
Type arrangement:
Samtale
Tema:
Demokrati, Mangfold