Nordhordland – Norges råaste industriregion, kva får me til når krafta kjem?
13.08.2025 kl. 13:30 - 14:30
MS Sandnes (Langbryggen)
I Nordhordland står store industriprosjekt klare til å setjast i gang. Næringslivet vil investera i grøne løysingar, ny teknologi og sirkulære system – men krafta kjem ikkje fram.
Manglande nettkapasitet og forseinka utbygging av straumlinjer er no den største flaskehalsen for vidare vekst i regionen. Planlagde satsingar innan grøn industri vert utsette – ikkje på grunn av vilje eller kapital, men fordi infrastrukturen heng etter.
I dette arrangementet får du høyra korte innlegg frå industrileiarar, lokale og nasjonale politikarar. Deretter inviterer me til ein engasjerande og spanande panelsamtale:
Kva kostar det å vente? Kven har ansvar for å løyse kraftkrisa – og kva skal til for å sikre at krafta faktisk kjem dit den trengst?
Dette handlar ikkje berre om kilowatt – det handlar om framtidige arbeidsplassar, klimamål og kor konkurransedyktig Noreg skal vere. Nordhordland står klare til å bidra, men me treng kraft!

- Kontaktperson
- Martin Marøy (Rådgjevar)
- Telefon
- 94037107
- Arrangør(er):
- Regionrådet Nordhordland og Partnere i Nordhordland
Medvirkende:
-
Einar Vaage
Greenspot Mongstad
- Type arrangement:
- Debatt