Hopp til innhold

U864 – Miljøtrussel og politisk kamp: Kva skjer utanfor Fedje?

12.08.2025 kl. 16:30 - 17:30

MS Sandnes (Langbryggen)

Utanfor Fedje ligg restane av den tyske ubåten U864, senka i 1945 med ei last av kvikksølv og annan farleg materiale. I over tjue år har lokalsamfunnet, fagmiljø og folkevalde kjempa for å få løyst saka – men framleis ligg vraket på havbotnen.

I dette arrangementet vil du få høyre frå personar med ulik bakgrunn, som deler sine perspektiv og vurderingar knytt til ubåten og den vidare handteringa av saka. Me stiller desse spørsmåla:

-Kvifor har det vore så vanskeleg å få gjennomslag?

-Kor står saka no – og kva seier nasjonale politikarar?

-Kven har ansvar for å handle, og kva kan gjerast no?

Me inviterer til både foredrag og debatt om ansvar, handlekraft og miljøtryggleik – i ei av dei mest krevjande, omdiskuterte og langvarige sakane i Nordhordland.
Kontaktperson
Martin Marøy (Rådgjevar)
Telefon
94037107
E-post
martin.maroy@regionnordhordland.no
Arrangør(er):
Regionrådet Nordhordland og Fedje kommune

Medvirkende:

  • Stian Herøy Fedje kommune
    Ordførar
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Klima/miljø, Samfunnssikkerhet og beredskap