Hopp til innhold

Verdas første ammoniakkdrive forsyningsskip snart på sjøen – nok ein pilot eller klar for eksport?

11.08.2025 kl. 17:00 - 17:40

Sustainable Energy-båten (Pollen)

Etter år med testing og utvikling gjennom katapultordninga, har Wärtsilä bygd om ein forbrenningsmotor til å gå på ammoniakk. Nyvinninga skal straks om bord i eit fartøy. Forsyningsskipet blir det første av sitt slag i verda.
Men eitt skip er ikkje nok for å vinna kampen mot kommande klimamål. Skal ammoniakk bli ei reell nullutsleppsløysing for skipsfarten må heile verdikjeda på plass: infrastruktur, regelverk, økonomi og sikkerheit.

Korleis går me frå prototype og pilot til flåtefornying og eksport?
Kva skal til for at fleire reiarar tør å satse, og for at leverandørindustrien får utvikla seg?
Korleis speler testfasilitetar, politikk og offentleg risikoavlastning inn?

Dette arrangementet samlar aktørar frå teknologiutvikling, politikk og næring for å diskutera kva som faktisk må på plass for å verkeleg få fart på den grøne skipsrevolusjonen.
Kontaktperson
Linn Therese Erve (Direktør forretningsutvikling og samfunnskontakt)
Telefon
+4748248803
E-post
linn@sustainableenergy.no
Arrangør(er):
SUSTAINABLE ENERGY AS

Ordstyrer:

  • Linn Therese Erve Sustainable Energy AS
    Direktør forretningsutvikling og samfunnskontakt

Medvirkende:

  • Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) Næringsdepartementet
    Statssekretær i Næringsdepartementet
Type arrangement:
Samtale
Tema:
Energi, Internasjonalt